Bu på Hedlerstølen

Opplev ei ekte stølsoppleving på Hedlerstølen – tilgjengeleg for deg som ønskjer eit roleg avbrekk frå kvardagen

Velkomen til Hedlerstølen, ei lita perle som ligg høgt og fredeleg til, om lag 330 meter over havet. Her får du verkeleg kjenne på stilla og roa som berre naturen kan gi – med fuglekvitter, utsyn mot fjell og skog, og ei god kensle av å vere langt borte frå alt.

Stølen ligg vakkert til mellom gamle stølsvegar og frodig vestlandsnatur, og passar perfekt for deg som vil ha eit avbrekk frå kvardagen. Enten du vil gå tur i fjellet, slappe av med bok ved vedomnen, eller berre nyte stilla – Hedlerstølen gir deg rom for alt dette.

Hytta har enkle, men gode fasilitetar, og er no tilgjengeleg for utleige via Airbnb. Me ser fram til å dele denne spesielle plassen med deg!

IMG_2063