Våre produkt og spesialitetar

Storfe

Storfekjøtet vårt er for det meste av ungokse/kalv som er 7-10 mnd gamle. Dyra er fødde på garden vår, og går lause i ein binge fram til dei er slakteklare. Me sel også kjøt av Vestlandsk fjordfe kalv. Dette kjøtet  tek me imot bestilling på. 

Kjøtet vert skore ned i ulike delar, modna ei viss tid hjå oss, før det vert seldt eller frose inn.

Me sel:
- Indrefilet
- Ytrefilet
- Mørbrad, flatbiff, bogsteik, grytekjøt. 
- Rundsteik
- Entrecote

Ynskjer du å kjøpa ei større mengde, då sel me storfekjøt i halve og kvarte partar. Dette kan du få laga til akkurat slik som du ynskjer.

Hakkakjøt/Kverna storfekjøt
Dette er kverna storfekjøt av kalv/ungokse utan nokon tilsetningar.Me sel denne  frosen i 5 kg pk eller fersk  på bestilling. Lagar fersk ca kvar 14 dag.

Lam

Me har ferske lam frå ca 20 august til medio oktober.

Hjå oss kan du kjøpa heile lam eller delar av lam som pinnesider, lår og fårikålkjøt.

Vil du kjøpa eit heilt lam hjelper me deg med  grov eller fin partering og evt pakking etter avtale.

 

Me sel også fine skinn med flotte fargekombinasjonar.

 

Gris

Me har utegangar frå Selheim gris til sals i oktober-desember. Me har også tradisjonell oppdretta gris frå Selheim . Kjøt av gris sel me i halve skrottar, i pakker med 9 kg kjøt i utval ( av dette 3 kg ribbe)men me har også steiker,farse,kotelettar m.m 

Grillgris
Me leverer heile smågrisar til grilling. Lån av grill med ”elektrisk sveiv” er inkludert.
Grisen er frå 25-40 kg.

Røykt Vossakorv

Laga på tradisjonsrik måte av våre råvarer slik den har vorte laga frå gammalt av på gardane på Voss. Inneheld; storfekjøt, gris og sau. Avogtil litt hjort. Vatn, potetmjøl, salt og pepar. Utan nitritt.

Korven vert seldt frosen. Fersk på bestilling.

Korv er ein god og smakfull middag på ein travel dag. Oppskrift: Kok opp korven i usalta vatn. La den trekkja i 25 min.