Om Voss Gardsslakteri

Voss Gardsslakteri vart starta opp i 2008.

Utgangspunktet var frustrasjon over at alle slakteri i Hordaland vart lagt ned, og at dyra våre fekk ein urimeleg lang ”siste reis” på veg til slakting.

Kyr på beite

Voss Gardsslakteri er eit moderne småskala slakteri, med gode tilhøve for modning og kjøling. Me slaktar storfe, gris, småfe og hjort. Kapasiteten på slaktelinjene er høg. I toppsesongen om hausten slaktar me opp til 100 lam pr. dag.

Eldhuskorv

Slakteriet ligg berre 50 meter frå driftsbygningen på Selheim. For kalv og gris vet det difor berre ein kort tur i ei dyrekasse frampå traktoren. Det gjev trivsel og lite stress for dyra før slakting, og gjev deg eit langt betre kjøt på middagsbordet.

Grisungar

”Om lag 70 % av kjøtkvaliteten vert bestemt av tilhøva i og rundt slakteprosessen.”
Sitat: Gunnar Nagell Dahl, Matattache, Fylkesmannen i Hordaland.

Gardsslakteriet kjøper lam og storfe hjå produsentar i nærområdet når etterspurnaden i marknaden er tilstades.

Produkta me leverer er meir fleksible enn standarane ein finn i butikken. Kunden kan velja storleik og feittinnhald, mørning og foredlingsgrad. Kjøtet er ustressa og med ein god historie.

Selheim

Selheim

I Vossaboki er Selheim omtala attende til 1300 talet. Namnet Selheim meiner ein kjem av treslaget selja. Garden har vore i slekta sidan 1843, og Lars Selheim, som er dagens brukar er 6.generasjon.

Lars og Hilde tok over garden i 1993.

Selheim gard og slakteri

Me bygde ny driftsbygning til storfe og gris i 2002. Me har no mjølkesamdrift med 365 tonn i kvote, dvs om lag 45 årskyr. Me har 40 purker som tilsaman gjev garden om lag 800 slaktegris pr.år.

Om våren flyttar me ut 3-5 purker som får gå ute ilag med ungane sine heile dietida. Etter avvenning , ca 1 juli, flyttar me ut omlag  120 gris som får eit stort beite   

Voss Gardsslakteri vart bygd på garden i 2008.

Grettestølen, Selheim

Eit par km ovanfor garden ligg stølen Gretto. Her har det vore rike støls tradisjonar med støling kvar sommar for folk og fe heilt fram til 1990 talet. No vert stølstreet nytta til sommarbeite for ungdyra på garden.