Leigeslakting

Hjå Voss Gardsslakteri kan du få slakta dine dyr, for så å ta kjøtet med deg heim att når det passar for deg, etter nedkjøling.
Modning, nedskjering og pakking etter avtale.

Alle dyr som skal slaktast skal meldast inn med produsentnummer,gards og bruksnr,  mva nr til eigar og individnummer på storfe, seinast 2 dagar før slakting. Me har eit eige MKI skjema som skal nyttast til dette. Eg lyt også få adresse, tlf og epostadresse. På epost til ; Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Har du ikkje produsentnummer, lyt du ta kontakt med kommunen og Mattilsynet. 

Skal du ha skinn i retur lyt det leverast med ein laminert lapp for kvart dyr med namn, adresse , epostadresse og tf nr til eigar.

Er det ynskje om partering, send epost for å avtale korleis og hentedato.


Prisar på slakting:

Kalv: kr 21,-/kg

Okse: kr 18,-/kg

Partering  kr 500 pr time 

Minstepris kr 450,- pr. stk.

Alle prisar er utan MVA.