Gi oss ei vurdering

Obligatorisk felt

Korleis vurderer du oss?
Ein emnelinje for di vurdering.
Kva meiner du om oss?
Kva er ditt fulle namn?
Kva er din e-postadresse?
Kva er namnet på firmaet ditt?
Kva er di stilling i firmaet?
Kva er nettsida til firmaet ditt?
Vil du leggje ved eit bilete?

Selheim Gard

Me leverer lokal, kortreis mat med høg kvalitet

Selheim Gard

Sidan 1843

Leveringsstader

Sjekk våre leveringsstader og tidspunkt

Gardsutsal

Me sel ferskt kjøt av eigne dyr. Dyra vert slakta heima og opplev ingen stress.
Alle varer er handlaga av oss på tradisjonell måte. Lite salt og god tid.

Me er ei lita famileverksemd på Selheim i Voss herad.

Heldiggrisar får døy heime. Kvalitet og smak på kjøtet vert betre når dyra ikkje opplever stress kring transport, oppstalling og slakting. Dette gjer at me kan modna kjøtet lenger og dermed auke kvaliteten og smaken endå meir. Me kan også tilby stor grad av fleksibilitet når det gjeld nedskjæring og modning etter kundens ynskje. Vår matproduksjon er tradisjonelt handverk, og røyking av korv og kjøt skjer i eldhus med orreflis. Spekematproduksjonen vår er inspirert av Middelhavslanda, og me prøver å nytte minst mogleg salt for å få fram den gode smaken.

IMG_0033.jpg

DN smak
“Det blir ikke god smak på kjøttet av at dyrene er redde og stresset”

Merete Bø 25. mars 2016 • Foto: Sune Eriksen

Vossg1-1200x800-1.jpg

Me leverer lokal, kortreist mat med høg kvalitet.

Voss Gardsslakteri er eit småskala slakteri på garden Selheim på Voss. Me slaktar og foredlar storfe, gris og lam. Hovudsakleg kjem dyra frå eigen gard, og lam vert innkjøpt frå gardsbruk i nærleiken.

Me er medlemmar i Reko-Ringen Åsane, Fyllingsdalen, Fana, Bergen sentrum og Voss.

Dette er grupper på Facebook der du som kunde bestiller varer frå ulike produsentar av lokalmat, og hentar på faste stader på avtalt tidspunkt.

Sjå kva kundane våre seier

Kontakt oss

Har du spørsmål eller vil du koma i kontakt med oss? Me ser fram til å høyra frå deg!